Lagmeisterskap i friidrett
Søndag 24 oktober arrangerte Rosendal Turnlag lagsmeisterskap i friidrett
for jenter og gutar i alderen 10-19 år. Det vart konkurrert i 5 øvingar.I tillegg vart det arrangert 60 meter og lengde for rekruttar 6-9 år. Trass i ein kald start på dagen stilte heile 50 born til start og mange deltok i alle øvingane.
Etterkvart som sola kom vart det fine tilhøve på stadion. Rikeleg med foreldre stilte som funksjonærar og det vart synt stor innsats frå alle daltakarar. Spesielt gledeleg var det å sjå så mange rekruttar i aksjon. Dei såg ut til å stortrivast med kvass konkurranse.
Helene Bennæs og Olav Lernes vann bestemannspremien (mest Tyrvinpoeng) i
høvesvis jente og guteklassen. Begge fekk premien for sine vinnarstøt i kule.
Stor takk til alle deltakarar og stor takk til alle som hjelpte til med arrangementet.
Friidrettsgruppa