Leiaren har ordet
Rosendal Turnlag har hatt eit travelt og hendelsesrikt år. Travelt av fleire grunnar. Vi har gjort ei omorganisering som langt frå er ferdig og som sjølvsagt har kravd sitt. Saman med Fjellstreif arrangerte vi NM som friidretts- og turgruppa gjorde mykje godt arbeid med. Og konflikten med kommunen om kunstgraset har kosta mykje tid og energi. Slik stoda er no er denne saka mat for advokatane, men personleg håper eg at vi kan løyse dette før det kjem til ei rettsak.
Heldigvis er det slik at arbeidet i gruppene går sin gong. Fotballen rullar og gruppa gjer eit arbeid som på mange måtar kan vera eit føredøme for andre. Også vi i hovudstyret prøver å læra av dei. Vi prøver å vera tydelegare på kva vi vil og kva arbeidsoppgåver vi har. Nett no står vi i arbeidet med ein strategiplan som vonleg vil syna enda klarare kva retning vi ynskjer å gå.
Diverre står friidrett utan leiar, og når sesongen nærmar seg kan dette bli eit problem. Vi arbeider med saka og håper å finne ei løysing.
Heller ikkje arbeidsutvalet er komplett. Førebels arbeider vi greitt vidare, men til neste årsmøte må vi gjera eit betre arbeid med valnemnda. Eit resultat av dette er at vi ikkje maktar å gje ut RoTuLa på papir i år. Alle årsmeldingar ligg på nettsida vår. Men målsetjinga er at RoTuLa skal kome ut igjen til neste år.
No står vi framfor ei påskehelg som ser ut til å gje strålande vær. Eg nyttar høvet til å ønskja alle medlemmene, våre trenarar og tillitsvalde ei riktig God Påske og nyt været!