Leiaren har ordet
Aktivitetane i RT er stort sett over for i vår. Det er tid for ei lita oppsummering av stoda. For oss i styret og Asbjørn har situasjonen med kunstgrasbana teke ein del tid også i vår. Etter mykje fram og tilbake har vi avslutta kontakten med advokat, i alle høve inntil vidare. Etter kontakt med kommunen i det siste vil vi prøve å få til eit kompromiss som vil føre oss vidare, normalisere tilhøvet og forbetre anleggsituasjonen vår.
Realisering av Friplassen vil vere ei god løysing for friidretten i laget. Når Husnes no får fast dekke på stadion vil det vere eit stort løft for friidretten, ikkje berre i Trio, men i heile Kvinnherad. Det er all grunn til å gratulere Trio og Kvinnherad med eit etterlengta og flott anlegg. For oss vil Friplassen bli eit godt alternativ.
Sjå meir på: www.friplassen.no
Det nye toalettanlegget er teke i bruk og det er berre å takke alle som har gjort det mogeleg å få det til. Vi har også fått midlar frå Sparebank1- fondet til meir utstyr i friidrett og basistrening som gjer at vi kan forbetra tilbodet på desse områda. Diverre har slitasjen på turnlagsfana vore stor, men no er det gjort tiltak for å retta på dette. Flinke damer har teke initiativ og vonleg vil vi stille med den flotte fana vår i forbetra stand på 17. mai neste år.
Fotballskulen var ein suksess på nytt og fleire lag har alt vore på ymse cupar. Som vanleg har Arvid med seg ein stor tropp til Norway Cup og det vert nok mykje moro i år også. Og 11. august er det klart for Nuten opp, norgescup og vi kan igjen sjå fram til å møte nokre av Noregs og verdas beste motbakkeløparar.Så det er berre å sjå fram til ein aktiv sumar. Ferie er å gjere andre aktivitetar, og den beste ladinga av batteria får vi i samvær og aktivitet med andre.Så på vegne av styret takkar eg alle som er med å gjere RT til ein god plass å vere og ynskjer dykk alle ein god sumar med mykje sol og varme.
Willy