Lille jenter 96 held koken

Laurdag 13. sept. og søndag 14. sept. var 11 blide rosendalsjenter på fotball cup til Prestegardsskogen på Stord, Trott Idrettslag si Spar Haga jenteturnering. Laurdag køyrde me endelig minibuss, noko jentene har masa om lenge.



Då billetøren skulle ta betalt for 3 vaksne og 10 ungar, kan de sjølv tenkje dykk kommentarane som kom, eg fekk assosiasjoner til Salhusvinskvetten.

Ressultatmessig kom me ifrå det med  3 sigrar og 2 uavgjort. ….Jippi.  Sjølv om det sjølvasagt er mange gode enkeltpresstasjonar, er det nok godt lagarbeid som gjer at jentene drar i land sigrar og uavgjort.Laurdag spela me uavgjort 0 – 0 mot Solid Rosa, ein veldig spennande kamp. Ikkje mindre enn 4 stolpeskudd, der 3 var signert  kraftbein frå Rosendal. Søndag skulle me igjen møte Solid, men no var det Rød. Me vann 1 – 0 etter ein jevn kamp, der Solid sjølv laga målet. Iflg. Solid sin trenar har me tidlegare slått dei overlegent, at me no spela så jevnt gav dei tydligvis sjølvtillit. Han sa:  ”neste gong skal me knuse dåke ! ” Eg fekk ikkje svara i forfjamselsen, men tenkte: ” in your dreams ! ”.

 

Trott sine lag Junaited og Citti slo me høvesvis med 3 -0 og 6- 0. Mot Stord I spela me uavgjort 3 -3, som resultatet viser, ein jevn kamp. Dette var siste cup –helg denne sesongen, og me har fått påfyll ikkje berre iform av fotballerfaring, men og livserfaring %u263A og gode minner. Rosendal – OddaMandag tok jentene treningsfri før dei møtte Odda til kamp på Rosedal stadion tysdag 16.sept. Odda laget som gav oss sterk motstand i vårkampen var ikkje til å kjenne att, noko som og viste på resultatet: 10 – 1.Uskedal – Rosendal

Siste seriekamp denne sesongen er mot Uskedalen, kampen skulle gått 23. sept. men er utsatt ei veke eller to. Uskedalen er eit lag i framgong og dei gav oss skikkelig motstand i vår kampen. Det vert nok ein spennande kamp, håpar mange foreldre vert med til Heio og ”heiar”.

Fleir bilete frå Lillejentelaget finn de her