Lillegut 11 laget hadde torsdag besøk av Halsnøy i årets nest siste heimekamp.
Vi var ikkje med frå start i kampen, og det var fullt fortent då Halsnøy gjekk opp til 1-0 midt i første omgang. Etter dette kom vi meir med, og Kristian knalla inn 1-1 ei stund etter. Torgeir følgde opp med nok eit mål, og vi leda noko ufortent 2-1 til pause.
2. omgang vart svært spennande. Halsnøy utlikna tidlig til 2-2, og dette resultatet heldt seg heilt til Ørjan sette inn 3-2 på retur etter frispark mot slutten av kampen. Halsnøy gav ikkje opp, og utlikna like etter nok ein gong, etter passivt forsvarspel frå oss.
Det skulle lievel bli Ørjan sin dag, for like før slutt sette han inn sitt andre mål for kvelden og vi var oppe i 4-3.
Dei siste minuttane vart svært spennande, men vi holdt målet reint resten av kampen, og klarte å dra i land vår femte strake siger, i ein kamp som kunne ha vippa begge vegar.