Lillegutelaget vann mot Valen

Vi spelte kamp heime 11. september mot Trio Valen. Vi vann!!!

Trio Valen leia 1-2 til første omgang, men i 2. omgang spelte gutane fantastisk god fotball og resultatet vart 6-3. Heile laget bidrog til ein etterlengta siger mot Trio Valen som vi aldri har vunne mot før. Dette var litt av ein lagsiger.
All ros til gutane, som har ei fin lagånd. Dei er flinke til å skryte av, og ta vare på kvarandre!!
Vil også i anledning takka StatoilHydro for nye drakter. Det trengte vi!