Linn og Solbjørg spelte for Sandviken
I dag spelte to lokale fotballjenter for Sandviken i 2.divisjonsoppjer mot Fana. Dette var Solbjørg Apeland og Linn Tveiten. Sandviken slo Fana 2-0. Linn scora andre målet litt uti 2. omgang på ein teknisk glimrande halv volley. Ho skaut hardt i målet, etter eit innlegg frå venstre kanten. Dette var første målet for Linn i Sandviken trøya….
Solbjørg Apeland som har vore med denne sesongen og fått Sandviken tilbake i Toppserien, var trygg i Sandviken laget og bidrog sterkt til at det vart siger og på nytt og tet i 2. divisjon. Linn viser at ho mestrar eit høgare nivå i fotball og teknikken og farten hennes vart innmellom for mykje for venstrebacken til Fana.