Litt informasjon i høve situasjonen i landet og Norway Cup
Det er sikkert nokon som er litt bekymra i høve situasjonen i landet desse dagane. Dersom ting er like uavklart som det er i dag, vil vi vurdera å kutta ut opningssermonien i morgon. Dette tek vi ei avgjersle på i morgon på veg til Oslo ilag med resten av laga frå Rosendal. I tillegg vil vi kun nytte våre eigne bussar i Oslo, og ikkje offentleg transport, så lenge situasjonen er som den er i dag. Vi kjem sjølvsagt til å halde oss oppdatert på kva styresmaktene anbefalar at ein skal gjera og ikkje gjera. Vi har vore i kontakt med Norway Cup -leiinga idag. Dei bekreftar at dei har god kontroll og tett samarbeid med politiet. Ingen lag har til no trekt seg frå cupen.
Vi håpar alle får ei flott oppleving på NC og at ting normaliserar seg så snart som råd.