LIVE: Jenter 14, Rosendal-Hadeland
Då er det snart klart for ein spanande kamp. Dersom jentelaget vinn denne kampen er det mykje som skal til for at dei ikkje skal nå A-sluttspelet.
Kampstart 16:30
16:24 Oppvarming, snart klare for avspark. Sidelinja er full av kvinnheringar!
16:30 Kampen er igang
16:32 Første sjanse til Rosendal, skot utanfor
16:34 Jamn kamp med eit lite Rosendal overtak
16:39 Mål! 1-0 Til Rosendal! Ingebjørg Haugland skora!
16:40 Straffe, til Rosendal, diverre utanfor mål
16:45 Hmm, skade på vår gode keeper Kathrine, går bra 🙂
16:46 1-1 Hadeland skore på skot innafor 16m
16:50 PAUSE, ingenting er avgjort!!
16:53 Vi er igang igjen
16:54 Mååååååååål, 2-1 til Rosendal, Ingebjørg er målskorar igjen
16:55 Høyr på radio P1 hordaland no!
16:59 Hadeland har ikkje tenkt å gje seg…
17:03 Målsjanse ti Hadeland, keeper Kathrine ryddar flott opp
17:06 Frispark 18 m Rosendal, Tonje skyt nett øve mål
17:10 Kjempesjanse Rosendal, men ingen greierå putte innlegget
17:11 Skot over av Hadeland
17:11 Corner Rosendal
17:13 Jaaaaaa vi vann!! 2-1 Kjempe innsats!!!
Neste kamp i morgon klokka 11:00. Gutar 14 spelar mot Vålerenga 1 og Gutar 13 mot Skedsmo