LIVE: Jenter 14, Rosendal-Zimbabwe
Då er det straks klart for jentene sin siste puljekamp. Zimbabwe er motstandard, dei har 0 poeng etter 2 kampar så dette bør gå greitt. Oppvarminga er igang i strålande solskinn.
16:24 Det er varmt her på Valle Hovin no, sol og kunstgras er ein varm kombinasjon.
16:30 No skulle kampen vert igang, men Zimbabwe er ikkje heilt på plass enno.
16:35 Avspark let venta på seg, men no er iallefall rundt 70 tilskodarar frå Rosendal og omegn klare for kamp!
16:38 Haugesunds Avis er på plass for å lage reportasje.
16:42 Nokre gutar på 14 årslaget har skreve RO SE ND AL på magane sine i påvente av avspark. Humøret er på topp!
16:44 Då er vi snart klare for kamp.
16:45 Då er vi igang! Heia Rosendal
16:50 Alt foregår på Zimbabwe sin halvdel.
1651 Ein god Zim. keeper hindrar at det står 1-0 til Rosendal
16:53 Keeperen til Zim. spelar godt, jentene er nerme ei scoring
16:55 Kjempespel av Rosendal, nesten mål til oss
17:00 Nesten mål til Zimbabwe !! Rosendal går rett i angrep og er nære ved å score på eit skot.
17:02 Rosendal frampå igjen, Zim gjev corner
17:05 Julie skyt godt, men tilside for målet!
17:07 PAUSE 0-0
17:11 Då er vi igong igjen!
17:13 Tina kjem seg fri på venstre kanten, men skyt over
17:14 Langt innlegg som nesten lure seg bak Zim keeper.
17:15 Tina er frampå med skot igjen etter corner, men ballen går over
17:18 Godt spel no av Rosendal, kom gjennom i midten men igjen reddar keeper.
17:20 Zim. er frampå av og til, men forsvaret til Rosendal ryddar godt opp!!
17:21 Mååååååååååååååååååååååååååååååål!!!! Flott jobb av Kari, serverar Ingebjørg ein god passning og ho plasserar ballen trygt i mål! 1-0 til Rosendal
17:23 God sjanse til Rosendal
17:27 Mykje av spelet føregår no på midtbanen
17:28 Måååååååååååååååååååååål 2-0 Ingebjørg puttar igjen! Flott skot frå venstre kant!
17:30 Nesten! Ragnela set ein retur nett øve tverrliggar!!
17:31 Slutt! Jentene vinn fortent 2-0 og er ubesigra i pulja! 9 poeng og første plass. Gratulera!
Deira neste kam er i morgon kl 1800 dersom vi har sett rett på tidsplanen.
Neste kamp idag er 1930, der gutar 13 møter Skedsmo!