Liveoppdatering under Norway Cup
Neste laurdag reiser heile 9 lag frå Rosendal til Norway Cup. Kvinnherad Elektro vil sponsa «liveoppdateringane» frå alle kampane under turneringa. Det vil seia at du får med deg minimum 36 «liveoppdateringar» her på Rosendal Turnlag si facebookside.
Dersom du på ein eller fleire kampar trykkjer på «liker» er du med i trekninga av eit gåvekort på kr 3000,- på Sport 1 i Rosendal. Gåvekortet er levert av Kvinnherad Elektro.
Vi takkar på førehand Kvinnherad Elektro for sponsing og gåvekort og vi håpar alle som ikkje har høve til å vera med til Oslo vil fylja kampane på facebooksidene våre.
