Lokalderby og seriefinale!
Torsdag 27.10 tek gutelaget i mot Trio 1 på kunstgraset i Rosendal. Kampen er ikkje bare eit lokalderby, men også ein seriefinale. Tala er klare: Tar heimelaget poeng, vinn vi pulja. Får Trio med seg alle poenga, vinn dei pulja.
Vi oppmodar alle til å ta turen for å heie på oss denne torsdagskvelden. Det er ein kamp du bare må ha med deg, bli med og lag ei fin ramme rundt kampen. Været er meldt til å bli bra, så her er det ingen unskyldningar. Møt opp og støtt laget!!
Kampstart: 18.30!
Vi sjåast der!
Helsing Gutelaget.