Lokalt engasjement og dugnadsånd

Det har gått ein følgjetong i avisene om kunstgrasbanen i Rosendal og med fare for å trøtta folk med enno eit innlegg, tar eg likevel sjansen på å leggja fram mitt syn på saka. At det no ser ut til å gå mot rettsak kan bare skapa taparar og øydeleggja endå meir i det frå før frynsete rykte kommunen har som samarbeidspartnar. At advokaten til kommunen prøver å framstilla saka som om turnlaget ikkje har rette haldningar og er audmjuk nok, finn eg underleg. Etter det eg kjenner til har turnlaget overfor kommunen hatt mange innspel, utan at det har ført fram. Eg finn det derimot underleg at kommunen på si side ikkje er meir audmjuk med bakgrunn i den knusande rapporten frå revisorfirmaet til kommunen. Men som vi veit så er det advokaten sin jobb å kvitmala sjølv dei svartaste løgner, så han gjer vel bare jobben sin. Verre er det med dei som skal gje han bakgrunnsdata for sitt tilsvar til turnlaget sin advokat.


Bakgrunnen for at eg skal ha noko meining om saka er at eg har vore med heile vegen, som turnlaget sin tillitsvald, frå ideen vart sådd til banen stod ferdig. Framleis er eg med i den vekelege dugnaden med vedlikehald av banen og som styremedlem i fotballbruppa.

Med mindre eg er vorten senil er eg ikkje i tvil om at sakshandsamar på kulturkontoret, som var rådgjever for turnlaget og var med og hjelpte med å utforma søknaden om tippemidlar, heile tida meinte ei reell tredeling av kostnadane. Det var aldri snakk om ei fordeling som likna på det som er dagens fordeling. Ei tredeling var og gjeldande reglar for kommunen då søknaden vart handsama, noko som vart stadfesta av dåverande ordførar i kommunestyret no i vinter. At reglane i ettertid er endra skal ikkje ha noko med saka å gjera.

Så til det eigentleg brenn for og hovudgrunnen til at eg skriv dette innlegget.

Eg har alltid meint at dugnadsånd er viktig og på mange måtar er det som ber samfunnet etter at vi har gått heim frå arbeid. Det er ingen mogligheit for at fritidsaktiviteter for barn og ungdom kan oppretthaldast av kommunalt tilsette, uansett kor mykje ressursar som vert sett inn. Bare i Rosendal turnlag si fotballgruppe har vi over 50 vaksne, som brukar fritida si på å driva den. Vi har frivillige som stiller som trenarar fleire kvelder for veka, reiser med spelarane på kampar, er omsorgspersonar når det trengs. Oppmennene har på mange måta same rolla og så har vi sjåførar, kioskpersonell, billettseljarar, loddseljarar, handverkarar og andre som stiller opp. I tillegg kjem styret som har ansvar for planlegging og drift og ikkje minst å skaffa til veges godt over ein million kroner årleg til drift av fotballgruppa.For nokre år sidan hadde vi ei oppteljing av dugnadstimar og kom til det utruleg høge talet 15000 timar årleg. Dette var ei forsiktig utrekning. Gleda av dette arbeidet har over 100 born under 10 år og ca 160 mellom 10 og 16 år. I tillegg har laget seniorlag og eit oldboyslag.

For å skaffa til vegar turnlaget sin tredjedel i kunstgrasbanen var laget avhengig av at vi gjorde mykje dugnad. I tillegg kom det inn mykje pengar i gåver frå privatpersonar og frå bedrifter. For å finansiera byggelånet tok to bedrifter på seg å betala byggelånsrenter til tilskot frå stat og kommune vart utbetalt. Alle desse forsto kor viktig arbeid turnlaget gjer for barn og ungdom. Merkeleg er det at politikarane våre ikkje ser det same. Ein tidligare kommunepolitikar sa til meg at turlaget kom for godt ut økonomisk. Han var redd vi kunne sitja att med pengar når vår tredjepart var betalt. Altså hadde vi vore for flinke med dugnad og pengeinnsamling. Uansett trur eg ikkje at dei som stilte med pengar eller arbeidskraft meinte det skulle gå til andre enn turnlaget.

Vi var trulegvis litt godtruande med tanke på at vi kunne rekna med kommunen si støtte, men ein lærepenge har det i alle fall vore. Alt som ikkje er skriftleg ned til detalj, har liten verdi. Det skal mykje til for å motivera seg til å delta i liknande prosjekt.

Til slutt vil eg påpeika noko som eg meiner ikkje er kome særleg fram i debatten. Det er framstilt som om det er turnlaget som har fått kunstgrasbane. Det stemmer at turnlaget disponerer banen på kveldstid og i helgene, men på dagtid er det skulane som rår. Alle som har sitt arbeid på rådhuset ser at det er ikkje få timar i veka Malmanger skule og Rosendal ungdomskule nyttar seg av banen. Vi fotballstyret gler oss over det, men kunne tenkt oss litt velvilje tilbake.

Dimmelsvik 10.02.13.
Johan Feet