Lønsam lagsdugnad for Rosendal Turnlag – og verdsrekord med MPC49

Gode medlem.
Vår gode hovudsponsor, hjørnesteinsbedrifta Palfinger Marine (tidlegare Harding) skal på Seimsfoss torsdag 20. april kl 17.00 – 20.00 setja verdsrekord med verdas største livbåt, MPC49 – produsert for cruise industrien.

Verdsrekorden, vil bestå i å få heile 440 personar trygt ombord i livbåten på under 10 minuttar, og her kjem vi som idrettslag inn. Palfinger Marine treng nemleg folk til verdsrekorden, og vi oppfordrar alle våre medlemer på over 15 år, om å vera med på verdsrekord-dugnad. For kvar person som stiller så vil Rosendal Turnlag få kr 250.- inn på konto.

Dugnaden er med andre ord svært lønsam for laget, og det er viktig at så mange som råd stiller.

Les meir, og meld deg på direkte i denne linken; https://intra.palfingermarine.com/verdsrekord
Påmeldinga er bindande, for det er veldig viktig at Palfinger Marine har nok folk denne dagen!

Vi håpar du har lyst til å vera med å setja verdsrekord, og til å gjera ein kjekk og sosial dugnad for både Palfinger Marine og Rosendal Turnlag.

Ta gjerne kontakt ved spørsmål.

Mvh
Jostein Hatteberg, leiar
Rosendal Turnlag
tel 489 94 213

OBS! Fleire idrettslag er invitert, så her gjeld prinsippet førstemann til mølla!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

12 + five =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.