Målkalas av J-14
Rosendal J 14 tok tysdag imot Strandebarm til kamp nr fire i årets serie. Det skulle bli ein kamp med ei rekke mål, og alle til heimelaget. Jentene gav seg ikkje før det stod 15-0, etter 8-0 ved pause. Hadde i tillegg fleire store målsjangsar, medan bortelaget hadde to avsluttingar på mål.
Hadde som mål å prøve å få til pasningsspelet i denne kampen og ikkje la motstanden påvirke oss til å gjera ting annleis enn vanleg. Lukkast i stor grad med dette, og mange mål kom etter godt oppbygde angrep.
Fekk og bruka spelarar på uvante plasser, m.a spela keeper Åshild ute i 2.omg medan måskorar Mari OF debuterte i mål.
Alt i alt ei god gjennomføring av alle på laget, frå bakerst til fremst.Neste kamp er om 14 dagar borte mot Njardar, noko som nok blir langt tøffare.
Måla i kveld vart skora av: Mari OF 4, Mari KL 4, Amalie 3, Rikke 2, Sara 1 og Kristine 1.PS. Vi beheldt naturleg nok tabelltoppen etter denne kampen J