Månadens Fair Play-person: Kjetil Helvik
Kjetil Helvik er eit godt eksempel på personar som arbeidar hardt og lenge for klubben og laget sitt. Fyrst berre som spelar, men dei siste åra har han bidrege både som spelar, oppmann, lagleiar og til og med som trenar. I tillegg har han ei administrativ rolle inn mot det digitale registreringssystemet som no er i kretsen. Kjetil tek ansvar når det stormar på som verst.
Rosendal TL Fotballgruppa set stor pris på eldsjeler som Kjetil, og håpar han blir med i mange, mange år framover – både på aldersbestemte trinn og i seniorfotballen.
Vel fortent, Kjetil!