Med fokus på barnefotball
«Snakkissen» denne veka har vore om BA journalist Tormod Bergersen sin blogg om manglande speletid i barneåra på fotballbanen. Det har blitt mykje fokus på denne saka, og dette er også noko som trenarar/lagleiarar/foreldre, spesiellt i barnefotballen men også ungdomsfotballen i Rosendal bør ha meir fokus på.
På Nyhetskanalen i morgon (søndag) kl 11 vert det debatt om denne saka, der både journalisten Bergesen og Knut Berge frå fotballkretsen møter for å setta fokus på denne problemstillinga. Kanskje vi kan påvirka folk i vårt nærområde til få med seg dette vedr denne prinsipielt viktige saka.