Medlemskontingent

Medlemskontingent

Informasjon

Rosendal Turnlag (RT) har aktivitetar for born, unge og vaksne. Vi tilbyr aktivitetar innan friidrett, turn, judo, fotball, ski, orientering og mykje meir. Sjå heimesida for total oversikt.
Alle som er med på aktivitetar i RT, skal betala medlemskontingent for det driftsåret dei er med. Kontingenten er ei viktig inntektskjelde for laget og er avgjerande for å kunna tilby dei
ulike aktivitetane til medlemmane. Når medlemskontingenten er betalt, kan du fritt delta på alle aktivitetane i laget. Forsikring inkludert i kontingenten for born inntil fylte 13 år.
RT bruker Norges Idrettsforbund sitt medlemsregistreringssystem. 

Klikk her nettsida til NIF
På aktuell link logger du inn (eventuelt oppretter profil) og knytter medlemskap mot Rosendal Turnlag. Medlemsskap blir deretter godkjent og faktura tilsendt. Treng du hjelp må du berre ta kontakt for hjelp (sjå nederst)

Gjeldande kontingentsatsar

Lagleiar/trenar/styremedlem 250,-
Støttemedlem 350,-
Born t.o.m. 9 år 450,-
Born/ungdom 10-17 år 650,-
Vaksne f.o.m. 18 år 1100,-

Konsekvens av å ikkje betala kontingent

«RT kan ta medlemsskap frå medlem som etter purring ikkje betalar fastsett medlemskontingent. Medlem som skuldar kontingent for 2-to år taper automatisk sitt
medlemskap i RT, og skal strykast frå laget si medlemsliste. Medlem som har tapt sitt medlemskap kan ikkje takast opp at som medlem før skuldig kontingent er betalt.»
(jf. RT sine vedtekter, §3 Medlemmar – pkt.6)

Dersom kontingenten ikkje er betalt, eller du har tapt medlemskapet, så kan du heller ikkje delta på aktivitetar i regi av RT, dvs. treningar, kampar, cupar, stemner osv.

Anna informasjon

Om du ynskjer å melda deg ut av laget, så skal dette skje skriftleg (brev/epost) til dagleg leiar i laget (jf. RT sine vedtekter, §3 Medlemmar – pkt.5).
Dersom du av ulike grunnar er i ein situasjon som gjer det vanskeleg for deg å betala medlemskontingenten, kan du ved skriftleg søknad (brev/epost) be styret / dagleg leiar om reduksjon av eller fritak frå medlemskontingenten.

I tilfelle spørsmål, kontakt:
Jonathan V. Byrkjenes,
Mob.: 908 65 722
Send epost til medlemsansvarleg

Med venleg helsing
Rosendal Turnlag – hovudstyret