Minijenter 99 på Triocup
Laurdag arrangerte Trio inneturnering for dei minste i Husneshallen. Rosendal var ikkje representert med meir enn eitt lag, men det var til gjengjeld 10 spreke jenter frå Rosendal J99.
Jentene fekk tøff motstand på banen i to gutelag frå årsklassen under, samt jamnaldrande jenter frå Halsnøy. Elles virka jentene å trivest godt på cup, der totalt 20 lag var med og tribuna var yrande full av spelarar, foreldre og andre interesserte.
Med på laget var: Sara Guddal, Mari Omvik Furdal, Mette Enes, Åshild Bjørnebøle, Mari Klette Leganger, Synne Seim Helleland, Eline Albrethson, Magrete Haugland Næs, Jorunn Sandvik og Alida Røysland Guddal.