Miniputtcup Halsnøy
Søndag 20.september er da klart for miniputtcup på Halsnøy Kunstgrasbane, for aldersgruppa 6-9 år. Me ber om at kvar klubb meld på laga i klubben samla til meg innan fredag 11.september.
Det har blitt ein tendens til at kampane utover dagen blir veldig forsinka på miniputtcupane i kommunen. Me ber alle klubbar gjera laga merksam på at pausen bare er 2 minutt. Dvs at dommarane skal blesa kampane i gang igjen etter 2 minutt. Me vil instruera våre dommera til å handheva dette. Kan og korta ned omgangane litt for å ta inn nokre minuttar om nødvendig.
TIPS: Skal ein bytta keeper i pausen og dette inneber draktskifte og på med keeperhanskar, så bør ein gjera dette med ein gong ein går til pause, ikkje når 2.omgang starter.
Halsnøy skal gjera sitt ytterste for at cupen går smertefritt når da gjeld kampavvikling. Me håpar DYKK hjelper oss.
VEL MØTT!
Mvh
Verner Fjelland
Verner Fjelland
Halsnøy IL