Miniturnering 16. september på Halsnøy

Søndag 16. september er det klart for miniputtcup på Halsnøy kunstgrasbane. Ber om samla påmelding frå klubbane innan fredag 7. september.


Klubb som melder på to lag i samme klasse, må rekne med at laga spelar samtidig. Om det ikkje går, så må ein rekne med at det kan ta litt lang tid mellom 1. og 3.kamp. Heller det enn at jenter og gutar i samme alder møtes.

Har du eit godt lag, som er ein mix av feks 03/04, så meld dei på i som 03. På den måten veit arrangør at dei ikkje bør setjast opp mot jenter i samme alder. 

For å kunne betegne eit lag som ein mix av f.eks. 04/05 modellar, så må iallefall 2 av 6 spelera vera 05.

Mix-lag bør vera mix, ikkje 6 gutar og 1 jente. Då melder ein dei på som gutelag.

Gutar/jenter som pleier å vinna alt i egen klasse, bør meldast på i klassen over om mogleg. 

Beskriv ved påmelding om laget er spesielt godt eller dårleg. Gode lag må få god motstand, så langt det lar seg gjera.

Ingen poeng i å vinne 10-0.

Mvh
Verner Fjelland
Halsnøy IL