Mykje har skjedd dei siste dagane

Mykje har skjedd på «cupfronten» dei siste dagan når sida var nede. Kampane vart oppdatert via Facebook så mange har likevel fått med seg resultata. Vi tek likevel ei lita oppsummering her.


Jentelaget fekk ein heiderleg 2. plass i B-sluttspelet i DanaCup. Dei vart slegne 2-1 i finalen av Hinna. Jentene er nettopp komne heim frå Danmark og det var ein solid velkomstkomite som var møtt opp. Vi gratulerar med ein flott innsats i Danmark. Vi legg ut bilete frå turen deira om litt.

J14, G14 og G15/16 er no i NorwayCup. Det er soelt fire kampar til no og her er resultata så langt:

J14: Rosendal-Skarphedin 1-1, neste kamp klokka 12:15 idag mot Harøy. Alle kampar vert oppdatert på denne sida. Dette er ei Facebookside, men du treng ikkje facebookkonto for å følje med.

G14: Rosendal-Hof/Svarstad/Hvitting​foss 2-2. Kampen gjekk igår. Dei spelte mot Nordstrand i dag, den endte 1-1. Med siger i siste kamp så er dei sikra A-sluttspel.

G15/16: Rosendal-Hareid 1-5. Gutane tapte sin første kamp, men dei kan enno klare å komme seg vidare. Neste kamp er mot Jotun i dag klokka 13:45. Kampen vert oppdatert på denne sida.