No startar fjellsesongen!

Endeleg er det er klart for ny sesong med klippeturar i fjellheimen kring Rosendal. I år er det 43. gong fjelltrimmen vert arrangert.

For å fullføra må ein vitja Skålafjell (501 m), Malmangernuten (890 m), Nordlifjell (972) m), Skeisfjell (1038 m) og Melderskin (1426 m), skriva datoen og klippa i kortet, og levera det innan 1. november. Grunna koronaen er det ikkje så farleg om ein ikkje skriv namnet i vardebøkene.

Turane passar nær sagt for alle aldrar. I tillegg til den fantastiske naturen, kan ein sjå dei imponerande sherpatrappene på Melderskin frå 2015, dei på Malmangernuten frå 2016 og dei på Skålafjell frå 2018.

Fjelltrimkort er i sal hjå Rosendal Sport, betaling kan skje med Vipps. Korta skal leverast inn same stad, eller til fjelltrimansvarleg Laila Hovland.

Velkomen til fjelltrim, og god tur!

Helsing Turgruppa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

seven − 6 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.