Nok ein siger for G16

G16-laget møtte i går kveld Njardar/Tysnes. Kampen vart spela på ein våt grasbane i Rosendal. Kampresultatet vart 6-1. Rosendal tok kommandoen i kampen frå start av og starten var stort sett spela på Njardar/Tysnes sin banehalvdel, utan at Rosendal skapar de store sjangsane.


Men då Sondre legg inn til Jonas som får avslutta, og ein Njardar/Tysnes spelar tek ballen med handa er det ingen tvil, klar straffe. Jonas set ballen sikkert imål, 1-0. Det går ikkje lang tid før Jonas er høgast på eit frispark frå Njål og nikkar inn 2-0.

Så er det Njardar/Tysnes sin tur til å få ballen imål, etter mykje fram og tilbake i Rosendal sitt forsvar går ballen til Njardarspelar som sett inn utlikninga 2-1.

3-1 kjem etter at Rosendal vinn ballen på midten, og Eirik spelar Jonas gjennom som set inn sitt tredje for kvelden. Som og vert pauseresultatet.

Starten av andreomgang er kampen jamn. Fram til Jonas blir spela gjennom av Sondre og set inn sitt fjerde for kvelden. Etter dette tek Rosendal over kampen igjen. Og Rosendal får ny straffe etter ein ny hands, Sondre tek dette. Keeper reddar, men Sondre setter returen sikkert.

Siste scoringen kjem etter god jobbing av Simon som scorar etter feil i forsvaret til Njardar/Tysnes.

Dette var siste kampen til Njål og Eirik som til hausten flyttar for å byrja på skule. Vi håpar dykk kan være med av og til når det høver, men uansett, takk for innsatsen! 

G16laget avlsuttar vårsesongen på topp av tabellen med 7 poeng forsprang på andreplassen.

Rosendal sitt lag var:
Nikolai Ulvesæter
Johannes Guddal

Stian MyklebustJoakim OlsenMartin HaugeSimon KorttilaHåvard FurdalEirik Berge
Sondre EskelandJonas Havnerås

Innbytarar var:
Benjamin Ripel

Eivind Haavik
Johannes Taranger
Henrik Bauge