Nok ein siger til G11 gutane

Torsdag kveld fekk vi besøk av Harding på kunstgraset. Dette er eit lag vi slo 5-2 borte, men vi visste at dei har eit godt lag så vi mana fram full innsats før kampen.


Kampen starta noko famlande for vår del. Det virka ikkje som gutane var heilt på nett. Likevel klarte vi å putta det fyrste målet etter ei jamn opning. Harding lot seg ikkje be to gonger når dei fekk sjansen så like etterpå satt dei inn reduseringa, 1-1.

Kampen bølga litt fram og tilbake, men gutane våre hadde eit lite overtak og la på til 2-1 før pause.

Pausen brukte vi til å vekka gutane, og prøva å få dei til å bruka bredda av banen.

Andre omgong starta og det tok ikkje lang tid før vi la på til 3-1. Gutane fekk spela meir ball og brukte sidene litt betre. Spelet fortsatte og gutane auka leiinga til 4-1 og 5-1, før Harding fekk ei fortent redusering. Kampen enda også denne gongen 5-2, eit godt resultat mot eit godt lag.

Vi takkar Harding for kampen, eit lag det alltid er kjekt å møta.

Desse var med:

Ola Hunstad, Torbjørn Haugland Nes (1), Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal, Espen Andre Jonassen, Jonatan Eskeland, Tord Guddal (2), Torstein Kristiansen Olsen, Sebastian Tufta Kirknes (1) og Marcus Hylland Såtendal (1).