Norway Cup 2009
Då er Norway Cup over for denne gang. Det er kjekt å sjå at laga våre er på høgde spelemessig med mange av dei gode laga i Norway Cup. Veka i Oslo hadde drama i seg på heile registeret, følelsemessig. Flotte mål, bra spel, spennande kampar, og igjen tap på myntkast. Det er flott å sjå at mange folk heimefrå møter opp og støttar laga våre bra, om sola skein eller det styrtregna. Engasjementet frå folk heime er stort, mobilane gløda heile tida.
Media og sponsorar bør gripa denne sjansen som Norway Cup er, for her er det gode moglegheitar til å nå ut til folk i lokalsamfunnet, samt utflytta folk og andre.
Vil og nemne kor utruleg flott ungdom som er med. Fantastisk oppførsel og utruleg positive. Styret i R.T. fotball vil takka alle som bidrog, spelarar, trenarar, støtteapparat, føresette og andre for ei flott veka!
Vil òg takka Trio spelarane (6stk) som var med Rosendal. Dei gjekk rett inn i miljøet og bidrog på alle plan. Dette er og eit konkret bidrag til glimmrande samarbeid i kommunen vår.
For R.T. fotball
Arvid Nes
Dette bilete seier det meste om banetilhøva på Ekeberg.