Norway Cup 2012
Rosendal Turnlag har meldt på 6 lag til årets Norway Cup.
Vi reiser laurdag 28. juli med retur 3./4. august. Det kan bli mykje folk frå Kvinnherad i Oslo denne veka. Rosendal har flotte tradisjonar i Norway Cup, frå 1999 til 2004 vann laga frå Rosendal tre bronsemedaljer og ein sølv.
Det er 3 jentelag og 3 guttelag frå Rosendal:
Jente 96 i klasse U som Rosendal 1
Jente 96/97 i klasse U som Rosendal 2
Jente 98 i klasse S som Rosendal
Gut 98 i klasse F som Rosendal/Uskedal
Gut 96/97 i klasse B som Rosendal
Gut 99 i klasse D som Rosendal/Uskedal
Norway Cup som er verdas største fotballturnering med ca. 1500 lag frå 60 land har i år 40 års jubileum. Dette skal bli gøy.