Norway Cup 2012
Det var ein stor, glad og forventningsfull gjeng som reiste til Oslo lørdag 28.juli. Regnet auste ned, men alle smilte som om sola skulle komma fram. Søndag kom med fint vêr og utålmodige lag som venta på å komma i gong. Rosendal markerte seg med ein gong, med god innsats og ein stor heiagjeng som gjorde at me dominerte lydnivået på alle kampane. Det er kjekt å ha ein sånn gjeng med seg
På tysdagen var statusen til laga: Tre lag til A sluttspel, derav to puljevinnarar, tre lag i B sluttspel.
Rosendal held på tradisjonane med å tape på myntkast, og det var 8.gang på rad i Norway Cup at dette skjedde. Det er heilt utruleg, men me skal snu trenden. Etter god innsats av alle laga vart det slutt for fem av dei seks laga.
Gut 15/16 år, med Raymond Olsen og Jonas Havnerås som trenarar, beit seg fast. Dei vann alle jamne kampar, to på sudden death og ein vart avgjort på straffespark. Rosendal tapte semifinalen etter ein kjempegod innsats. Utruleg korleis spelarane mobiliserte seg og kom tilbake, dermed fekk dei ein delt tredjeplass i B sluttspelet.
Årets Norway Cup viste kor mykje fotballen kan skape av trivsel, glede og sosial tilknyting, i motsetning til leiinga i Kvinnherad Kommune som bidreg med å skape resignasjon og vantrivsel for mange i kommunen vår. Nokre av politikarane burde vore med, så hadde de fått eit meir positivt syn på kva idrett kan skapa.
Til slutt ein stor takk til alle spelarane, lagleiarar, trenarar, bussjåfør, supporterar og tilreisande for ei fantastisk veke i Oslo. Takk òg til dei ansvarlege for nett-oppdatering heime, det var bra.
Me har funne eit opplegg som fungerer bra, så det vert viktig å halde på denne tradisjonen.
Helsing Rosendal T.L.