Norway cup 2013 – eit lite tilbakeblikk
Har vi nådd måla våre ? Er vi fornøyd ? Kunne vi gjort ting betre ? Kva har vi lært ? Vegen videre ? Først av alt er det på sin plass å sei at det var ein fantastisk (G14)gjeng å dela rom med ei heil veke. Vi har levd i ei (fotball)bobla med sterkt fokus på sportslig resultat. Då er det og viktig å kobla ut med andre aktiviteter innimellom, og det har vi klart veldig bra syns eg. Takk til alle som har bidratt med at gutane har fått kobla av med både bowling og Tysenfryd. For enkelte blei det og tid til minigolf og kamp på Ullevål mellom Vålerenga og Barcelona, der vi fekk sjå Messi utfolda seg på nært hold. Samholdet og trivselen innad i laget og saman med dei andre laga vi reiste saman med, har virka veldig bra. Takk til dåke alle gutar for eit kjempehumør og flott oppførsel heile veka
Vi klarte for andre året på rad å bli puljevinnarar etter ein veldig spennande 3. og siste kamp i pulja, der vi låg under 1-2 til pause for eit fysisk og sterkt Hjelmelands lag. Hadde vi tapt den kampen hadde u.t. ikkje vore fornøyd med cupen totalt sett, men vi klarte jo å snu kampen og dermed få med oss premie heim denne gongen også. På vegen videre i cupen viste vi at vi har eit solid grunnspel med lite tilfeldigheter. Dette krydra med ein del sterke enkeltprestasjoner viste at vi var eit av seks jamne lag som kunne spelt finalekamp om ein hadde marginane med seg. Med tanke på at det var om lag 100 lag med i vår klasse viser det at vi kan vera stolte av prestasjonen vår. Vi visste i forkant at vi var sårbare ved skade på spelarar i startoppstillingen vår, då vi hadde ein noko tynn og ujamn tropp med oss. Det blei dessverre ein overtråkk som medførte at vi var noko svekka til 8-delsfinalen.
Det viser kor viktig det er med ein jamnare brei tropp på slike turneringar som dette. Når det er sagt må det og seiast at noko av det kjekkaste på cupen var at vi kom i ein situasjon der alle (inkl. innbyttarane) fekk veldig mykje speletid t.o.m. 16-delsfinalen. Laget (Syril frå Sogn og Fjordane)som vi rauk ut for i 8-delsfinalen var eit godt 1.div-lag som u.t. meiner vi burde slått på ein meir “gjennomsnittsdag” for vår del. Dvs. uten skada spelar, uten uheldig baklengsmål og uttelling på i alle fall ein av fire store målsjansar, hadde vært meir normalt og nok til at vi hadde gått videre mot ein lettare motstander i kvarten. I semien tapte Syril knepent 0-1, og det viser kor veldig nærme vi var finalearenaen. Men vi får ta det som inspirasjon til å komma endå sterkare tilbake neste gong.
Vi er fornøyde med å bli puljevinnarar som var eit klart mål for oss, og vi er fornøyd med innsatsen totalt sett, sjølv om vi veit at vi var veldig nærme ein semifinale.
Vi i trenarteamet kunne sikkert gjort ting betre, men det er alltid lett å vera etterpåklok. Vi ser at vi ville gjort enkelte ting på ein annan måte i starten av siste kamp, men det er etterpåklokskap som ikkje var like lett å sjå før kampen. Vi er stort sett fornøyd med at vi gjorde mange positive grep undervegs i alle kampane.
Vi tar med oss erfaring på at det er viktig å stola på eigne kvaliteter og tørra vera offensive nok (også når det drar seg til mot tøff motstand). Vi har og fått erfara at det er avgjerande viktig med ein brei og jamn nok tropp til å klara holda samme nivået gjennom heile turneringa (inkl. sluttspelet). Som min gode hjelpetrenar og “altmuligmann” (Anders B. Berntsen) så treffande sa det: “eg hadde aldri trudd det var så mange detaljer å hugsa på”, viser at det var fantastisk god hjelp og støtte frå oppkvinne Klara (Bakke) og hjelpetrenar Anders (B.Berntsen), som bidrog med det meste heile veka, på ein heilt super måte. Tusen takk til begge to !!
Vegen videre for G14 no er å spela haustsesongen med mål om å vinna den , for deretter å få sjansen til å spela om kretsmestertittelen. Undertegnede føler seg priviligert som får jobba med denne gjengen som viser eit samhold både på og utenfor banen som er veldig kjekt å sjå. Bra jobba gutter !
Yngve