Norway Cup 2015
På denne sida vil vi legge ut informasjon etterkvart utover våren og sommaren.
Skjema for påmelding til NC 2015

Vinnaren av gåvekortet
Gina Eriksen Albrethson vart trekt ut som vinnar av gåvekortet som var premie under liveoppdateringane på Norway Cup. Ho skulle eigentleg spelt sjølv i Norway Cup i år, men J19 laget måtte diverre trekka...

Ei lita oppsummering frå Norway Cup
Då var Norway cup – eventyret slutt for oss for denna gongen. Ein utruleg flott innsats av alle lag. Eit gull og eit sølv på 8 lag talar for seg sjølv. Vi vil takka alle...

Jenter 13 klare for finale og gutar 15/16 for semifinale
Det har vore ein særdeles spanande dag på sletto. Jenter 13 vann sin kvartfinale 2-1 mot Bøler Stjerne 1, etter golden goal. Dermed var dei klare for semifinale nokre timar seinare. Semifinalen vann dei...

3 lag er framleis med, 5 lag rauk ut idag
Då var det snipp snapp ute for fem av åtte lag. Her er resultat frå dagens gjørmekampar og informasjon om morgondagens spanande kampar.

Oppsummering av tysdagens kampar og info om sluttspel
Då er puljespelet over og vi går i morgon igong med cupspel, etter «vinn eller forsvinn» metoden.

Oppsummering frå måndagens kampar
Puljespelet er godt igong. Nokre lag har tapt medan andre har vunne. Nedanfor finn du resultat frå dagens kampar samt oversikt over morgondagens kampar.

Oppsummering frå sundagens kampar
Då er alle sundagens kampar historie og her er ei lita oppsummering av dagens resultat samt informasjon om morgondagens kampar.

Liveoppdateringar under Norway Cup
Alle kampar vert liveoppdatert på vår facebookside. Du finn den her: Liveoppdatering

Informasjon om Norway Cup
Her er litt samla informasjon rundt Norway Cup turen. Er noko uklart så ta kontakt med trenar eller lagleiar. Informasjon frå Rosendal Turnlag om buss, overnatting, mat, utstyr, reglar, kontaktpersonar etc finn dåke i...

Liveoppdatering under Norway Cup
Neste laurdag reiser heile 9 lag frå Rosendal til Norway Cup. Kvinnherad Elektro vil sponsa «liveoppdateringane» frå alle kampane under turneringa. Det vil seia at du får med deg minimum 36 «liveoppdateringar» her på Rosendal...

Informasjon om NorwayCup
Då er det snart klart for avreise til Norway Cup. Klikk deg vidare for å lesa informasjonsskriv frå klubben.

Bussprisar Norwaycup
Bussprisane til Norwaycup er klare. Alle spelarar som er med til Norway Cup må betale eit av alternativa. alt. 1: Kvinnherad – Oslo t/r, samt kjøring i Oslo – kr. 1000 alt. 2: Kvinnherad...

Pulje- og kampoppsett i NorwayCup 2015
Då er pulje og kampoppsetta klare til NorwayCup. Heile ni lag skal i aksjon, så her vert det mange spanande kampar.

Informasjonsmøte om Norway Cup
Det vert informasjonsmøte om Norway Cup for foreldre og føresette måndag 29. juni kl. 19.00. Stad: Rosendal Samfunnshus, møterom 208, 2etg. mot rådhuset