Ny god kamp av G13

Torsdag kveld tok Strand-Ulv turen over fjorden for å avgjera den sjuande serierunden. Gutane våre møtte opp i garderoben og vi gjekk gjennom planen for kampen. Planen var som vanleg enkel; snakking, fyrst på fyrste og andre ball, halde ballen på bakken og spela ball. I tillegg skulle vi prøva å skyta lavt på ein høg og god målvakt.

20140424-212355.jpgI fyrste omgong la vi eit godt press på bortelaget. Vi spelte oss fint opp frå forsvar til angrep, men vi greide ikkje lura målvakta. Bakover hadde vi god kontroll på angriparane til Strand-Ulv. Utover i omgongen skapte vi nokre gode sjansar, men uansett korleis vi avslutta stod målvakta i vegen. Omgongen enda 0-0.

Andre omgongane pleier alltid å vera den beste for våre gutar og det skulle ikkje verte annleis i denne kampen heller. Etter nokre minutt ut i omgongen kom Sebastian seg fri og plassserte skotet lavt, til side for målvakta og vi leia 1-0. No såg det ut til at gutane skjønte at det gjekk an å skåra på denne karen. Ei lita stund seinare vart Tord spelt gjennom, han ser at målvakta står litt skeivt i målet og klinkar ballen i motsatt kryss, 2-0.

Etter denne skåringa spelar gutane fantastisk fotball, dersom dei ikkje kom seg gjennom på høgre sida spela dei støtte til forsvaret og starta på nytt på venstre sida. Midtbanen spelte vegg og kom seg fri frå Strand-Ulv forsvararane.  Jaran brillijerte på venstrekanten og fekk æra av å klinka inn 3-0. Tord fastsatte sluttreultatet til 4-0 eit kvarter før slutt.

Dette var ein av dei beste 9’ar kampane vi har spelt, spesielt andre omgong. Gutane skal ha skryt for å kjempa hardt, ikkje gje seg og høyre på kva trenarane gjev dei melding om. Vi er og godt nøgd med å halde nullen mot eit godt lag. No står Trio for tur i neste veka, skal vi halde fylje med Odda må vi vinna den kampen og. Vi ligg no likt med Odda med 18 poeng etter sju kampar, Odda leiar med 9 pluss mål.

Desse var med (mål i parantes):

Ola, Torbjørn, Lars, Øystein, Marcus, Tord (2), Jonatan, Torstein, Harald, Espen, Jaran (1) og Sebastian (1).

Helsing godt nøgde trenarar, Romar og Åge

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

seventeen − 13 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.