Ny god kamp av J16-2
Andre heimekamp for sesongen gav siger 5-2 til J16-2. Med god hjelp frå spelarar frå J16-1 og J14 vart vi nok spelarar til å stille eit godt lag. Ein stor takk til alle som stilte opp 🙂
Effektiviteten var god i starten av første omgang, då vi scora på dei fleste sjansane våre. Heldigvis var ikkje Harding like flinke, mykje takka vera eit godt forsvar og keeper. Vi gjekk tidleg opp i ein 2-0 leiing etter to mål av Julie. Harding reduserte ein gong før Ingeborg satte to i nettet for oss. Til pause stod det 4-2. Andre omgang vart ikkje like målrik, men begge lag skapte nok sjansar. Å få det første målet i andre omgang var viktig, og heldigvis ordna Julie dette etter godt forarbeid av Leonie og Ingeborg.
Kjempeinnsats frå alle og ein fortent siger til slutt!
Det såg dårleg ut for kamp tidleg på dagen, då fleire forfall til kamp vart meldt. Heldigvis har vi god støtte i førstelaget og i tillegg fekk vi låne tre spelare frå J14 i dag. Ei stor takk til Karoline, Mariell, Sara, Mari og Kristine.