Ny inngangsdør og låsesystem på trimsenteret
Rosendal Trim har onsdag 07.09.16 skifta ut inngangsdør og låsesystem. Det medfører at gamle låskort ikkje verkar lenger. Alle medlemmar lyt difor hente seg nytt kort på trimsenteret. Det kan du gjere i tidsromma:
- Torsdag 08.09.16 kl 17-21
- Fredag 09.09.16 kl 12-16
- Laurdag 10.09.16 kl 12-14
Nye kort kostar kr 100 pluss kr 100 i depositum, men dei som har gamalt kort vil få utlevert nytt i bytte mot gamalt utan kostnad. Ein vil ikkje få henta ut meir enn eit kort sjølv om ein per i dag har fleire gamle. Ved å levere inn att gamalt kort utan å hente nytt vil ein få att depositum.
Berre dei med gyldig medlemsskap får henta ut nytt kort.
Det nye systemet koplar brukar og låskort. Det vil sei at låskortet vil verta stengt når brukar ikkje lenger har betalt avgift. Då vi er frivillige som styrer senteret vil ein ikkje kunne forvente at kortet vert opna att med ein gang ein betalar ny avgift. Det er difor ein stor fordel om alle sørgjer for å ha gyldig medlemsskap til ei kvar tid.