Ny kjempekamp for G13

Torsdag kveld reiste vi til Halsnøy for sesongens andre bortekamp. Smågutane har verkeleg funne formen og spelar underhaldande og god fotball. Kampen starta med massivt press mot halsnøyforsvaret. Halsnøy låg lavt og tett i starten, men etter 15 minutt satt fyrste skåring. Halsnøy gjekk rett i angrep etterpå og utlikna til 1-1 etter hjørnespark.
Etter dette var det så og seia bare eitt lag på banen. Rosendalsgutane var i fysisk betre og styrte alt på banen. Til pause stod det 6-1.

I andre omgong vart einvegskøyring i 35 minutt. Mykje gode valg frå midtbana opna opp forsvaret til Halsnøy, og då ein god dommar, Are Ulset, blåste av var stillinga 11-1 til Rosendal. Ein meget god kamp av gutane.

Desse var med (mål i parantes):
Ola, Sander (1), Lars (1), Øystein, Harald, Espen Andre, Tord (2), Jonatan (2), Torstein, Jaran (1), Marcus (3), Torbjørn (1).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

fourteen + 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.