Ny siger for G12

Tysdag kveld var det Trio sine tolvåringar som sto på andre banehalvdelen. I fjorårets heimekamp endte det 4-4 så heimelaget var klare for å ta sigeren heim.


I fyrste halvdel av fyrste omgong bølga kampen fram og tilbake utan at nokon av laga skapte dei heilt store sjansane. Utover i omgongen kvikna vi litt til og skapte nokre gode angrep utan at ballen enda i nota. Etterkvart greide ikkje Trio og halda tett lenger og etter eit flott spel kunne Sebastian setta ballen i mål etter ein flott passning av Sander, 1-0. Dette vart og pauseresultatet.

I pausen vart vi einige om å halde nullen og å skåra fleire mål. Gutane har ein tendens til å spela betre i andre omgong enn i fyrste, og slik vart det denne kvelden og. Gutane haldt eit gjennomgåande press på Trio i heile andre omgong. Vi kom fleire gonger rundt på kantane og skapte målsjansar, noko som resulterte i heile 6 skåringar før ein god dommar, Olav Lærnes, bles sluttsignalet. Dette var ein knakande god lagsiger, der alle mann frå målvakta til spissane gjorde ein strålande innsats. Godt jobba gutar!

Desse var med (mål i parantes):

Ola, Torbjørn (1), Sander, Tord (1), Torstein (1), Sindre Mathias, Jaran (1), Sebastian (1), Lars, Marcus (1), Øystein, Erik (1), Espen, Harald og Marius.