Ny siger for G12

Tysdag kveld var det Trio sine tolvåringar som sto på andre banehalvdelen. I fjorårets heimekamp endte det 4-4 så heimelaget var klare for å ta sigeren heim.


I fyrste halvdel av fyrste omgong bølga kampen fram og tilbake utan at nokon av laga skapte dei heilt store sjansane. Utover i omgongen kvikna vi litt til og skapte nokre gode angrep utan at ballen enda i nota. Etterkvart greide ikkje Trio og halda tett lenger og etter eit flott spel kunne Sebastian setta ballen i mål etter ein flott passning av Sander, 1-0. Dette vart og pauseresultatet.

I pausen vart vi einige om å halde nullen og å skåra fleire mål. Gutane har ein tendens til å spela betre i andre omgong enn i fyrste, og slik vart det denne kvelden og. Gutane haldt eit gjennomgåande press på Trio i heile andre omgong. Vi kom fleire gonger rundt på kantane og skapte målsjansar, noko som resulterte i heile 6 skåringar før ein god dommar, Olav Lærnes, bles sluttsignalet. Kampen enda 7-0, eit prestasjon i seg sjølv bare å halde nullen i ein sjuar kamp. Dette var ein knakande god lagsiger, der alle mann frå målvakta til spissane gjorde ein strålande innsats. Godt jobba gutar!

Desse var med (mål i parantes):

Ola, Torbjørn (1), Sander, Tord (1), Torstein (1), Sindre Mathias, Jaran (1), Sebastian (1), Lars, Marcus (1), Øystein, Erik (1), Espen, Harald og Marius.