Ny siger for G13 laget

Torsdag kveld reiste vi til Kvednabekkjen for å møta Trio1 sitt lag. Kampen starta med godt press frå Rosendal og vi klarte å spela mykje ball. Måla lot venta på seg, men litt ute i omgongen ordna Tord 1-0. No fekk gutane blod på tann og ordna ganske kjapt ei 3-0 leiing. Vi skapar mange sjansar der ballen endar både i stolpe og tverrliggjar. Kamp trio 050614Gutane trudde nok at mykje var gjort og vart litt ukonsentrerte, dermed reduserte Trio med to kjappe mål. Stillinga til pause vart då 3-2 til Rosendal.

I pausen måtte vi «få opp hovudet» på gutane igjen og poengterte at vi leia kampen og at her var det bare å stå på vidare, noko dei og gjorde. Etter litt spel i andre omgong gjekk vi opp i 4-2, no løsna det for alvor og gutane gav seg ikkje før det stod 8-2 til Rosendal.

Laget viser til tider storspel i denne kampen, i tillegg til at det er mykje knallhard jobbing både framover og bakover på banen. Det er og imponerande å sjå kor lett og godt spelarane tilpassar seg nye possisjonar i løpet av ein kamp. Dette lovar godt no fram mot den store «happeninga» i år, nemleg NorwayCup.

Desse var med (mål i parantes):

Ola, Sander, Torbjørn, Marcus, Espen, Lars, Torstein (1), Tord (4), Øystein, Harald (1), Jonatan, Jaran (1) og Sebastian (1)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

two + seventeen =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.