Ny siger for G13
Gutane fossar fram i serien. Måndag kveld var det klart for 7`ar kamp mot Trio2. Vi hadde 11 spelarar disponible og sjeldan har underteikna sitt så mykje godt spel av heimelaget. Gong på gong kom vi oss rundt på kantane og fekk lagt inn føre målet og mål vart det. Til pause stod det 7-1 til Rosendal.I andre omgong senka gutane skuldrene enno litt, og varta opp med festfotball. Eit konstant trykk på bortelaget, der ballen gjekk fort og på eitt touch resulterte i mål etter mål. Trio2 fekk tre mål i andre omgong, etter at vi gløymde at vi skulle spela forsvar eitpar gonger, men heimelaget putta 10 i andre omgong så då enda det med heile 17-4 til Rosendal.
Dette var ein kamp vi skal ta med oss for det gode spelet. Greier vi ta dette med oss skal det verte vanskeleg å slå denne gjengen, i alle fall på heimebane. Gratulera gutar med årets beste kamp så langt!
Desse var med (mål i parantes):
Ola, Sander (2), Lars, Øystein, Torbjørn (1), Jonatan (4), Tord (2), Jaran (2), Sebastian, Torstein (1), Marcus (5).
Neste kamp er borte mot Halsnøy 8. mai!
/Romar og Åge