Ny siger for lillejenter 98
Det vart ein ny siger for lillejenter 98 i heimekampen mot Odda Hvit 20. mai. I første omgang var Odda best reint spelemessig, men Rosendal var effektive framfor mål og det stod 2-2 ved pause.
I andre omgang skrudde Rosendal opp tempoet eit par hakk, og vann til slutt fortent 4-2. Målscorar for Rosendal: Mari Omvik Furdal (2), Mone og Lene.
Neste kamp er heime mot Odda Rød 4. juni kl. 18.30. Vi tapte klart mot dei på bortebane for nokre veker sidan, men heime i Rosendal går vi sjølvsagt for siger. Mvh.
Knut