Ny siger og tabelltopp

Rosendal jenter 14 tok imot Solnut til «toppkamp» på kunstgraset tysdag kveld, begge laga hadde vunnet sine to fyrste kampar. Det skulle likevel vise seg å vera litt kvalitetskilnad på laga, iallefall denne kvelden.


For etter bare snaue 3 min, dunka Mari KL inn sitt fyrste for kvelden. Og før 12 min var godt, hadde ho like godt fullført eit ekte hattrick og vi leia 3-0. Fortsette å produsera sjangsar utover omgangen uten å få heilt fulltreff før målet. Men når 3 min gjenstår av omgangen set Emilie inn vårt fjerde, før Mari OF fastsett pauseresultatet til 5-0. Dominerte omgangen totalt og slapp ikkje motstanderen til meir enn ei avslutting på mål.

Etter pausen falt tempoet noko og Solnut kom meir med i kampen.
Kanskje fjellturen med skulen tidlegare på dagen og ei behageleg vårsol spela inn her..?

Etter snaue kvarteret syntes forsvarspelar Sara at no var det nok ! Gjekk likegodt over heile banen og sette ballen kontrollert i mål.

Så etter 20 min set Mari OF ballen i hjørna, før Rikke 3 min før slutt dunker den i nettaket og fastset resultatet til 8-0.

Åshild i mål hadde litt meir å gjera i 2. omg men tok greitt det som kom.
Ein fullt fortent siger, etter ei mengde med sjangsar og rundt 15 hjørnespark. No topper vi tabellen som einaste lag med full pott etter tre runder. Så får vi sjå kor lenge det varer…

Leiv Kristian