Ny solid siger av G13 laget

Trio sitt 7’ar lag stod for tur måndag kveld, på Kvednabekkjen. Vi reiste på kamp med 12 spelarar og hadde med andre ord godt med innbytarar. I dei seinare kampane har vi slete litt med å skåra eit tidleg mål, men måndag kveld vart fyrste skåring klokka inn på ca 2 minutt då Jaran skaut frå langt hald forbi målvakta. Det vart einvegskøyring frå start til slutt, unnateke eitpar kontringar frå Trio, og til pause leia vi komfortable 8-1. I andre omgong skulle vi stå på og prøva og ta igjen Odda på målskilnaden. Vi ligg a poeng med Odda, men dei hadde før denne kampen 9 pluss mål i høve oss.

Gutane tok oppgåva seriøst og med steikjandes mykje godt spel skåra gutane 10 mål i andre omgong. Det som ligg fremst i hjernebarken er når Tord, Torbjørn og Torstein heddar seks gonger til kvarandre, utan at ballen er i bakken før Tord sikkert set ballen i mål. Ei klasseskåring som skulle vore filma. Kampen enda 18-1 til Rosendal.

Med ein kamp meir spelt enn Odda leiar vi no pulja, men vi veit at Odda er sterke og truleg hankar inn 6 poeng i dei to siste kampane sine. Uansett vert det ny pulje på oss til hausten der vi mest truleg skal få brynt oss på andre lag som idag toppar sine puljer. Dette ser gutane og trenarane fram til.

Desse var med (mål i parantes):

Ola, Sander, Lars (1), Øystein, Espen, Tord (3), Torstein (5), Jonatan (1), Jaran (3), Torbjørn (3), Sebastian og Marcus (2).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

seventeen − 13 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.