Nyoppussa Trimsenter
Rosendal Trim har over tid pussa opp garderobane og i helga er desse endeleg ferdigstilt. Samtidig er det gjort ein større nedvask av alt utstyr. Då det ofte ligg verdisaker rundt i trimsenteret er det også kjøpt inn eit låsbart skap til å oppbevare dette i under treningane. Ta med din eigen hengelås til dette. No når det er mørkare tider ute er vi fleire som nyttar trimsenteret enn om sommaren og det vert då endå viktigare at alle ryddar opp etter seg! Vi i Rosendal Trim ynskjer deg ein god treningsvinter!