Nytt trenarkurs i Rosendal
Rosendal T.L. fotball startar opp med nytt trenarkurs no i haust.
Kurset er delt opp i fire delkurs, og dei er planlagd slik:
- Oktober – Delkurs 1 – Barnefotball.
- November – Delkurs 2
- Desember – Delkurs 3
- Januar – Delkurs 4
Dersom du går alle kursa blir du C trenar. Ein treng ikkje ta alle kursa, men det er viktig å ha med seg delkurs 1.
Her bør alle som er trenarar vere med og du trenger ikkje fotballbakgrunn for å ta delkurs 1.
Kursa vert i Rosendal og er satt opp på ein tysdagskveld med påfølgande laurdag og sundag. Fyrste kurs er satt opp 11. oktober og då påfølgande helg som er 15. – 16. oktober. Er det ønskje frå deltakerane kan dato for kurs endrast. Kursa er open for alle klubbar og gratis for trenarane til Rosendal.
Benytt sjansen til å få meir kunnskap om å verte betre på fotball og folk.
Meld deg på til Arvid Nes: arv-ne@online.no , eller på påmeldingskjema til Hordaland Fotballkrets.
Helsing
Rosendal T.L. Fotball