Nyttårshelsing frå Turgruppa
Eg vil nett nytta høvet til å takka for året som no er omme.
Det vart jo eit svært annleis år, også for turgruppa i RT. Den største nedturen var sjølvsagt avlysinga av Kvinnheradløpet, men i den store samanhengen betyr det mindre. Litt synd var det elles at sherpaene ikkje kom seg attende til Norge for å fullføra stien til Skålafjell. Heller ikkje det er nokon stor skandale, for både stien og Skålafjell ligg der også i år, og så får vi vona at arbeidet kan gjennomførast no.
Utover dette gjekk året sin vante gang i Turgruppa, med som alltid stor aktivitet. Mange tok turen til fjells, høgst truleg fleire enn nokon gong, sjølv om ikkje vardebøkene fortel sanninga om dette. Veldig stas med gode tal for Fjelltrimmen. Ei stor takk til Laila som har stålkontroll på statistikken og årsmerka, og ikkje minst til alle som utfører vedlikehald, rydjing, merking og teljing! Og så skal Terje Hellingsrud ha stor takk for at han for n’te gong lagar soklane til dei nye turentusiastane!
Vi fekk sett opp endå fleire av dei nye skilta, og her gjorde Kåre og Erlend ein imponerande innsats! Kåre skal i tillegg ha stor ros for å ha organisert arbeidet med brubygginga ved Bjørndalssetra med stø hand. Dette prosjektet er dessutan eit ypparleg eksempel på godt samarbeid med grunneigarane. Sigurd Hatteberg og Leif Skeie med fleire gjorde elles ein strålande jobb med å byggja brua.
Framover vert det elles spennande å følgja prosessen med å laga ein skikkeleg turist- og turveg rundt Hattebergsfossen. Prosjektet nærmar seg realisering, med Kåre igjen som ein heilt sentral bidragsytar, saman med spesielt Karen Løvfall Vaage, Baroniet og arkitekt (og min tidlegare skulekamerat frå Voss) Lars Berge.
Med eit bilete teke 1. januar på Nordlifjell, takkar eg for nok eit fantastisk år i Turgruppa og RT-familien, og ser fram til eit vonleg suverent 2021!
Morten Nygård
Gruppeleiar Turgruppa