Ope brev til kommunen: Eit skammeleg vedtak

Den gamle grusbanen i Rosendal fekk krøllgrasdekke for eit par år sidan.  Kommunen stod som utbyggar, men Rosendal Turnlag (RT) gjorde det meste av jobben.  I utgangspunktet er finansieringa av eit slikt prosjekt basert på ei 3-deling:  1/3 blir finansiert med spelemidlar frå staten, 1/3 av kommunen og 1/3 av idrettslaget.  I vedtaket som i si tid vart gjort i kommunestyret var ikkje dette tatt med, men for RT var det opplagt at dette skulle vere ein del av vedtaket.


Ettersom dette er eit kommunalt anlegg stod kommunen som byggherre.  Alle finansieringsplanar har gått gjennom kommunen og blitt godkjendt av kommunen.  I kommunestyret den 29. april slo då også rådmann Trond Sætereng fast at rådmannen var ansvarleg for utbygginga.  I den endelege spelemiddelsøknaden står kommunen oppført med 2.308 000 i tilskot og total kostnad på vel 6.9 millionar.  Men i vedtaket som kommunestyret gjorde, der dei følgde rådmannen si innstilling, er altså ikkje rådmannen ansvarleg for dette lenger.  Vedtaket inneber ei tredeling av det første søknadsbeløpet på 5.4 millionar, fråtrekt utrekna moms.  Kommunen sitt bidrag til bana ( eit prosjekt som rådmannen har motarbeidd heile tida) blir då etter vedtaket 1.35 millionar.  Korleis dette beløpet er rekna ut er noko uklart.  Men det som er eit faktum er at kommunen får tilbakebetalt moms av 6.9 millionar som utgjer om lag 1.1 millionar.  Men i rådmannen si innstilling er 6.9 mill. eit beløp kommunen ikkje skal  forhalda seg  til, så kvifor skal dei då ha momsen av dette  beløpet ? Kommunen får altså ei ferdig kunstgrasbane for 1.35 mill. I følgje rådmannen sin uttale til kommunestyret har  ikkje denne banen nokon verdi for kommunen.  At foreldre og leiarar aktiviserer 150- 200 born og unge fleire gonger i veka er utan verdi.  Det er ei skikkeleg oppmuntring for alle som stiller opp gratis og friviljug kvar einaste veke.

Er det RT eller byggherre som er ansvarleg overfor kommunestyret?  Kvifor skal RT svi for at rådmannen ikkje gjer jobben sin?  For dei frå RT som var på dette kommunestyremøtet var det ein sjokkerande forestilling.  Når rådmannen så klarar å seia at utbygginga av kunstgrasbana ( og dermed nødvendigvis utbygging av dei fleste idrettsannlegg i kommunen ) ikkje har noko tyding for Kvinnherad kommune (som organisasjon) så skjønner vi kvifor Kvinnherad må vere ein av dei dårlegaste kommunane i forhold til ungdoms- og idrettsarbeid generelt. 

Forebyggande ungdoms- og idrettsarbeid, har ikkje det nokon verdi, rådmann?  Kan verkeleg ordføraren godta ein slik uttale frå rådmannen?  For dei hundrevis av friviljuge i idrettsarbeidet i Kvinnherad må ein slik uttale vere ei hån og vi synest ordføraren her bør kome med ei offentleg orsaking.

Slik vi ser det er vedtaket som vart gjort av eit fleirtal av kommunestyret i dag ikkje berre eit nederlag for RT, men for alt friviljug ungdomsarbeid i kommunen.  All heider til dei representantane som hadde nok bein i nasa til å stå mot rådmannen sitt framlegg.  Honnørord tel lite når dei ikkje syner att i praksis.

Helsing Rosendal Turnlag