Opnar turhytte i Myrdal

Slik såg turhytta ved Myrdalsvatnet ut tidleg i juni. No er hytta ferdig, og vert feira med opningsfest på søndag. (Foto: Morten Nygård).

Slik såg turhytta ved Myrdalsvatnet ut tidleg i juni. No er hytta ferdig, og vert feira med opningsfest på søndag. (Foto: Morten Nygård).

Søndag klokka 13.00 vert den nye turhytta ved Myrdalsvatnet opna. Prosjektet er ein del av geostien til Øvre-Myrdal, og følgjer såleis etter fjorårets lansering av eit omfattande hefte og oppsetjing av informasjonskilt på begge sider av elva. Geostien vart til gjennom eit samarbeid mellom Turgruppa i Rosendal Turnlag og Rosendalstiftinga.

Under opninga vert det gjeve informasjon om prosessen og om natur- og kulturhistoria i Myrdal. Det vert òg fyrt opp bål, og såleis høve til grilla pølser.

Parkering på Kletta. Dei som treng skyss inn, kan møta ved bommen klokka 12.00.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eighteen − one =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.