Opne dagar på Kjeldestøl

Etter at Knut E. Skåla hadde fortalt om restaureringa av Monsaselet, lokka han fram budeie og syster Ragnhild Pile.  15 år gamal var ho budeie på Kjeldestøl, og no 63 år seinare fekk ho æra av å erklæra det gjenreiste selet for opna. (Alle foto: Morten Nygård).

Etter at Knut E. Skåla hadde fortalt om restaureringa av Monsaselet, lokka han fram budeie og syster Ragnhild Pile. 15 år gamal var ho budeie på Kjeldestøl, og no 63 år seinare fekk ho æra av å erklæra det gjenreiste selet for opna. (Foto: Morten Nygård).

Seks onsdagar og éin søndag i sommar vil det vera vertskap til stades på Kjeldestøl ovanfor Rosendal. Det er T-merka sti til Kjeldestøl, og derifrå vidare til Skålafjell og Nordlifjell.

Kjeldestøl venelag gjentek suksessen frå i fjor sommar. Følgjande onsdagar: 29. juni, 6. – 13. – 20. og 27. juli samt 3. august, klokka 11.00-15.00, vil det vera folk til stades på stølen. Dei skal syta for lunk i omnane og vil ynskja alle gjester og turgåarar velkomne.

– Dette er eit tilbod til alle, enten dei er fastbuande i Kvinnherad eller kjem til kommunen med vanleg bil, bubil, buss, sykkel eller båt. Vonleg vil mange nytta høvet til å sjå vakre Kjeldestøl, og gjerne kjøpa seg nykokt kaffi og noko å bita i, seier Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

Fjorårets opne dagar var svært populære. I år vert tilbodet utvida med ein søndag, nærare bestemt 17. juli.

Førebels har venelaget restaurert fire sel – Bjørkesselet, Jensaselet, Monsaselet og Kristiansselet – utanom Siriselet som har vore intakt heile tida. Arbeidet med dei to siste sela – Peraselet og Torkjellsselet – er i gang, og vonleg står dei klare neste sommar. I tillegg er det sett opp både utedass og ei sjykkje.

– Sela står opne, og alle er velkomne til å stikka innom for å få ei oppleving av korleis livet var på Kjeldestøl fram til 1951, som var siste sommar med stølsdrift, opplyser Kjeldestøl venelag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.