Opning av sherpastien til Skålafjell

Foto: Kåre Eik

Den fantastiske sherpastien til Skålafjell i Rosendal er straks ferdig. No på torsdag klokka 18:30 vert det invitert til høgtidleg opning.

Rosendal Turnlag – Turgruppa har dei siste åra fått gjennomført ei stor oppgradering av fleire av stiane kring bygda, med stor hjelp av steinekspertar frå Nepal. I 2015 laga dei 256 trappetrinn i det bratte og rasutsette partiet under Skarshaug på Melderskin. I 2016 etablerte dei heile 591 trinn mellom Høyklepp og Hjort på Nuten.

Dei siste tre vekene er det altså partiet mellom Gamlasetro og toppen av Skålafjell (Navarhaug) som er blitt rusta opp. Dette er eit område som var i svært dårleg stand grunna mykje trafikk og store mengder vatn i bakken. Karane frå Nepal har no laga ein sti som kjem til å eksistera i hundrevis av år, og som vil takla endå meir trafikk og alskens uvêr .

– Det er heilt fantastisk å sjå den arbeidskapasiteten og –gleda som karane viser. Resultatet av innsatsen deira er langt over våre forventningar, seier Morten Nygård og Kåre Eik i Turgruppa.

– Vi vonar mange tek turen for å få med seg opninga, legg dei til.

Turgruppa nyttar høvet til å takka grunneigarane for svært godt samarbeid og ulike instansar for viktig økonomisk støtte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.