Opning av toalettbygg og siger til herrelaget

I dag var det klart for opning av det nye toalettbygget på Rosendal Stadion. Etterpå var det duka for botnoppgjer i 5. divsjon, ein kamp som vart spanande.


Velfortente blomar til dei innvolverte i toalettbygget.

Toalettbygget vart opna av leiar i Turnlaget, Willy Kalsås. Han takka alle som hadde vore med

Åsmund Kåre Rørvik overrekkjer gåvene frå Sparebank 1 stiftinga til Willy Kalsås
Tøffe tak i ein jamn og spanande kamp.

og bidrege til at dette bygget kunne realiserast.

Etter utdeling av blomar til dei involverte, vart det servert «kvit dama» og kaffi til dei frammøtte. Sparebank 1 stiftinga, ved Åsmund Kåre Rørvik, delte samstundes ut gavesjekk pålydande 50.000,- til friidretten og kr 35.000,- til prosjekt om basistrening i turnlaget.

Rosendal Turnlag nyttar høvet til å takka for gåvene og ikkje minst gåver og arbeid med toalettbygget.

Etter sermonien var det duka for botnoppgjer mellom Rosendal og Hetlevik. Begge laga sto med null poeng før oppgjeret. Rosendal opnar best og skårar to mål etter vel halvspelt omgong. Hetlevik greidde å redusera til 2-1 like før pause.

Andre omgong vart ein kamp med mange duellar og få målsjansar til heimelaget. Bortelaget pressa på for å få utlikninga. Heldigvis sto Rosendal i mot og klarte å ri av stormen. Dermed enda kampen 2-1 til Rosendal og ein kan notera seg den fyrste sigeren i sesongen. Gratulera.

I morgon klokka 16:00 spelar damelaget heimekamp mot Krabbetor klokka 16:00. Møt opp og støtt laget!