Oppstart friidrett

Friidretten starter opp tysdag 28. august kl. 18.00.
Gjeld alle frå 5. klasse og oppover. Både inne og ute sko/tøy.
Foreldremøte for alle med ungar i 1-4 klasse i gymsalen torsdag den 30. for å gå gjennom planane for idrettsskule for desse årskulla.
Møtet byrjar kl 18.00.


Friidrettsgruppa i RTL prøver å få i gong idrettsskulen i full breidde for alle born frå 1. – 4. klasse slik vi hadde for eit par år sidan.

I desse yngste klassane ser vi at ei god motorisk utvikling i stor grad er knytt til variasjon og mangfaldig i leik og idrettsaktivitet.

Idrettsskulen har som overordna mål at ungane skal hjelpast til å kome i kontakt med eit slikt mangfald. Både ballspel, friidrettsøvingar, spenst, styrke, skileik og anna vinteridrett er element som inngår i idrettsskulen sine opplegg.

Aktivitetane er i fyrste rekkje lagt opp til leik, men tidvis også som øvingar. Hovudmålsetjing er at det skal være sosialt kjekt, motorisk utviklande og sportsleg pirrande.

Idrettsskulen har tid i gymsalen(eller ute dersom tilhøva tilseier det) kvar torsdag frå 18.00 – 19.30 og kan dersom gruppa vert stor delast i to bolkar. Erfaringa syner at ungane ynskjer å halde på så lenge dei får lov så det er ikkje noko problem om det kun vert ei gruppe.

For å makte å gjennomføre idrettsskulen på ein skikkeleg måte må vi ha hjelp frå foreldre.
Kvar torsdag må vi ha minimum 3 foreldre som er med å rigge utstyr, hjelper til med orden i rekkjene, trøstar der dette trengs og ryddar på plass apparata etter trening.

Det bør være nok at kvar av foreldra deltek aktivt 2-3 torsdagar i kvart halvår.

Idrettsskulen har eigne idèhefter for korleis slik treningar kan avviklast så det er god hjelp å får sjølv for dåke utan erfaring frå liknande aktivitet.

Idrettsskulen er no leia av Sigurd Naterstad og Ingrid Guddal. Dei vil setje opp turnusen og administrere det heile. Likeeins vil dei syte for all premiering til ungane.

Alle foreldre med born i  1. – 4. klasse vert med dette inviterte til møte i gymsalen torsdag den 30. august kl. 18.00 for å sjå om vi får dette til.

Dersom interessa er til stades vert idrettsskulen sett i gong torsdag 6. september.

Vi håper du tek deg tid til å kome.
RTL/Friidretten
Ole Bennæs